Gul advarselsskilt: Høyspenning Livsfare

Ved melding av feil ring vår vakttelefon 32 05 98 80

Hemsil Nett AS har døgnvakt og er klare til å rette opp feil på våre anlegg.

Viktig informasjon
Dersom straumen blir borte bør du sjekke eigne hovudsikringar, jordfeilbrytar og inntaks-sikringar. Ser alt dette greitt ut, kan du ringe vakttelefonen. Får du oppteke-signal er det truleg at feilen er registrert og at arbeidet med feilretting er i gang. Ha difor tålmod – vaktmannskapet er trena for slike situasjonar og arbeider så fort som råd for å få retta feilen.

Ver merksam på at dersom du som kunde kontaktar elektroinstallatør og ikkje vakta ved Hemsil Nett AS ved feil, så skjer dette på eige ansvar og for eige rekning, sjølv om det skulle syne seg at ansvaret for feilen låg hjå Hemsil Nett AS.

Er straumen borte hjå mange i bygda samstundes kan det vere lurt å slå av dei mest effektkrevjande straumkildene som badstugu, varmekablar og elbilladarar/motorvarmarar til straumen er komme att.

Det kan óg vere lurt å slå av TV og andre apparater som kan vere vare for plutselege spenningsendringar.