Kva er smart straum?
Smart straum er vår betegnelse på ny teknologi som inneber digitalisering av straummålaren. Inna 1. januar 2019 skal alle straumkundar i landet ha fått installert ny målar, såkalla AMS målar. Dette skal gi store fordelar både for deg som kunde og for samfunnet elles.

Kva vil dette gje oss for mogelegheiter?
Med desse nye målarane skal det bli enklare å styre straumforbruket , både for kunden og for heile kraftsystemet. Det gjer at ein kan spare straum og få ein sikrare og meir fleksibel straumforsyning. Denne nye digitale teknologien er miljøvennleg og skal gi sikkerheit for at straumforbruket vert rett.

Smarte løysingar.
På same måte som smarttelefonane har opna for mangfald av nyttige applikasjonar , vil smart straum opne for at andre leverandørar kan tilby smarte løysingar i heimen din. Dei nye målarane er lagt til rette for tilleggstenester som kan hjelpe deg å styre straumforbruket.

Det er forventa at det totale energiforbruket skal gå ned etter at smart straum er innført. Det vil føre til ein miljøgevinst.

Det vil også føre til enklare målaravlesning. Måleren vil i løpet av få sekund registrere forbruk av straum. Dette samlast opp og overførast via radiokommunikasjon til Hemsil Nett AS.

Du kan også gå inn på NVE for å lesa meir om dette.