Kva er ein plusskunde?
Kort fortalt er ein plusskunde ein forbrukskunde som har installert for eksempel eit solcelleanlegg som produserer strøm.

Denne kunden bruker eigenprodusert strøm til delvis å dekke eige forbruk. Når ein produserer mindre strøm enn det ein forbruker må ein kjøpe det som trengs fra sin strømleverandør og betale nettleige for transporten.

I periode der ein produserar meir strøm enn til eige bruk blir overskotproduksjonen mata inn i vårt distribusjonsnett.

Som plusskunde må du sjølv inngå ein avtale med ein straumleverandør om kjøp av denne overskotsproduksjonen.

Hemsedal Energi tilbyr å kjøpe all overskotsstraum til gjeldande områdepris på Nord Pool Spot (spotpris)

Krav til installasjon:

Hemsil Nett AS stille tekniske krav til plusskundeanlegg, slik at dei ikkje skal bidra til redusert spenningskvalitet i nettet. Vi basere oss på REN blad 342 som beskriv tekniske krav for anlegg.

Det er også krav om at plusskundeanlegg av sikkerheitsmessige årsakar skal koplast ut automatisk ved straumstans i Hemsil Nett AS sitt nett.

Her finner du erklæring for plusskunder

REN blad 342 finn du her

Delt produksjon

Frå 1. oktober 2023 vart det opna for at kundar på same gards- og bruksnummer, altså same eigedom, kan fordele eventuell overproduksjon av straum frå felles anlegg mellom seg. 

Vi held på å flytte innhald til vår felles nettstad, føie.no. For meir informasjon, sjå: Føie.no - Delt produksjon