Hemsil Nett As er ansvarleg for å overføre kraft til din heim, di hytte eller din verksemd i Hemsedal Kommune.

To elektriker i arbeid på strømnett linje stolpe, men den tredje er over dem i en heisekran

Pr. 2021 har vi ca. 4500 kundar, av desse er ca 60% fritidskundar, 22% hushaldningskundar og 18% næringskundar.

Vi gjer alt vi kan for å levere straum til deg – heile døgnet – heile året!

Overføring

Hemsil Nett AS har ansvaret for overføringsnettet i Hemsedal. Dette inkluderar 3 sekundærstasjonar, over 350 nettstasjonar og over 700 km leidningsnett.

Hemsil Nett AS får hovudmengda av sin kraft frå Hemsil1-anlegget til Hafslund E-Co Vannkraft AS. Det er også ein del mindre uttak frå Hafslund E-Co Vannkraft AS sine andre anlegg på ymse stader i Hemsedal. I tillegg er det utveksling til Griug AS (tidlegare Valdres Energi AS), Hallingdal Kraftnett AS og Sygnir AS (tidlegare Lærdal Energi AS) sine nett.
Hemsil Nett AS har 3 sekundærstasjonar; Holdemoen (66/22 kV – 30 MVA), Svøo (66/22 kV – 10 MVA) og Langeset (66/22 Kv – 15 og 7 MVA).

Me har eit tap i nettet vårt på rundt 5%, noko som er svært lågt. Det er eit ENØK-tiltak som monnar. Forsyningsområdet har hatt ei stor auke i talet på kundar og forbruk av straum. Dette har sett store krav til m.a. energiverket som må bygge ut overføringskapasitet til å levere straum til alle kundane på den tida av året der forbruket normalt er høgast, dvs. vinter-månadane.

Ved melding om feil ring vår vakttelefon: 32 05 98 80