Ny nettleige frå 1.juli 2022

Publisert av hemsil_admin

03.06.22, kl 09:54

Regjeringa med nytt skriv kring ny nettleigemodell

Ny nettleigemodell

Formålet er å få jamna ut forbruket gjennom døgnet, slik at vi ikkje får dei høge forbrukstoppane. Då får vi utnytta straumnettet bedre.

Hemsil Nett må også endre sin nettleigestruktur. Vi følger same modell som majoriteten i bransjen.


Samla nettleige vil ikkje bli endra, for dette er strengt regulert frå myndigheitene. Det vil bli endring ved at dei som bruker straumen smartare vil kunne spare penger og dei som ikkje tilpasser seg kan risikere å måtte betale meir.

Hovedforskjellen frå i dag er at fastbeløpet blir delt opp i fleire ledd. Det som avgjer kva for ledd du kjem i kvar månad, er gjennomsnittet av dei tre høgaste timane på tre ulike dager i inneværande månad.

Enkelt forklart vil du betale mindre dersom du har eit jamnt straumforbruk gjennom heile dagen, enn om du bruker det meste av straumen i løpet av nokon få timar.

Kvifor blir nettleiga endra?

Den nye modellen skal motivere til å bruke straumen smartare enn i dag. Teknologien skal hjelpe oss med dette og behov for utbygging av straumnettet vil kunne reduserast.

Dette er god samfunnsøkonomi og på sikt vil det kunne gi lågare nettleige.