Hemsil nett lansere ny app

I appen Min strøm finn du oversikt over eige forbruk og kjente utfall på nettet i ditt område, samt tilgang til vår twitterkonto.

Du kan også rapportere inn feil/ melde om farlege observasjonar gjort ute langs straumnettet til Hemsil Nett.


Min strøm er gratis og kan synast på mobil, nettbrett og pc.

5 skjermbilder av appen Minstraum: første- statestikk av månedelig forbruk. Andre- dashbord/ oversikt. Tredje- kart på strømstans i området. Fjerde- meldinger som har blitt sendt fra Hemsil Nett AS. Femte- skjemaprosess for å melde fra farlig forhold.

Spørsmål og svar

Korleis loggar ein seg inn?

Ved fyrste gongs bruk får du tilsendt ein eingongskode på SMS som du skriv inn. Vidare bruk krev ingen pålogging. Om du brukar appen Min strøm der også uvedkommande har tilgang, bør du velje å logge deg av etter bruk.

Kvifor får ein feilmelding om at telefonnummeret ikkje er tilknytta eit anlegg hjå Hemsil Nett?

Det er berre telefonnummeret til aktuell straumkunde, lagra hjå Hemsil Nett, som kan logge seg inn og få tilgang til straumforbruk og anna informasjon.

Kva slags nettleserar kan ein bruke?

Chrome, Firefox, Edge, Safari 9+ og Internet Explorer 11+.

Kvifor er det ingen eigen APP for Android eller iOS?

Nettsida kan enklast installerast som ein app på dei fleste smarttelefonar. På Android velger du "Installer app" i menyen øvst til venstre. På iOS trykkjer du først på Del-knappen og veljar deretter "Legg til på Hjem-skjermen".


Kvifor får ein ikkje opp forbruk i sanntid?

Appen Min strøm brukar data som målaren sendar inn til Elhub. Denne dataen blir sendt med jamne mellomrom gjennom døgnet. Om ein ynskjer data frå målaren i sanntid, må ein difor installere tilleggsutstyr via HAN-porten til målaren.

Kontaktskjema

Benytt kontaktskjema under dersom du får feilmelding vedrørande pålogging til app Min strøm

Kundeinformasjon Min strøm

Skriv inn for å oppdatere informasjon om kundeforhold tilknytta ditt straumabonnement

Personinformasjon
Straummålar
Anna
* obligatorisk informasjon