Kompensasjonsordning for høge straumprisar

Publisert av hemsil_admin

15.12.21, kl 14:25

"Regjeringen har i statsbudsjettet for 2024 foreslått å prisjustere terskelverdien fra 70 til 73 øre/kWh eksklusive merverdiavgift fra 1. januar 2024. Når prisen i enkelttimer går over 73 øre/kWh eksklusive merverdiavgift, vil strømstønaden dekke 90 prosent av prisen over dette nivået."

Historikk:

Regjeringa la fram ei ordning om kompensasjon for høge straumprisar laurdag 11.desember 2021

Rekninga for desember som kjem no i januar kjem norske hustandar til å få eit fråtrekk på fakturaen. 55% av det som overstig ein spotpris på 70 øre/kWh ekskl. mva blir dekt av staten.

Laurdag 8. januar 2022 vart det lagt fram at staten skal dekke 80% av det som overstig ein spotpris på 70 øre/kWh ekskl. mva for januar 2022 tom. mars 2022.

Ny pressemelding torsdag 10. mars skriv regjeringa at ordninga skal gjelde eit år til fram i tid. regjeringen.no - "Strømstøtteordningen forlenges med ett år"

Ordninga gjeld alle private kundar, uavhengig av kva for ei straumavtale ein har. Det er spotprisen for ditt prisområde som bestemme kor mykje du får trukke ifrå.

Snittprisen blir rekna ut ifrå gjennomsnittleg spotpris (Nord Pool) for heile månaden for ditt aktuelle prisområde. Vi har fem ulike prisområder for straum i Norge (N01-NO5)

Ordninga vil omfatte forbruk frå og med desember 2021 (55%) og frå januar 2022 (80%) og gjeld eit straumforbruk opp til 5000 kilowattimar per månad. Gardsbruk og forbruk der det er fellesmåling i boligselskap vil også bli ein del av ordninga. Hytter og fritidsbolig er ikkje omfatta av ordninga.

Ordninga, bortsett i frå landbruk, skal administrerast av nettselskapa og gjeld uavhengig av kva for type straumavtale ein har. Dei som allereie har fått auka bostøtte, vil også omfattast av den nye ordninga.

Desember 2021

For differensen mellom 70 øre og 150 øre får ein tilbakebetalt 55% + mva.

Til dømes dersom gjennomsnittleg spotpris er 150 øre/kWh:

Kompensasjon = (150 - 70)* 55 % * 1.25 = 55 øre/kWh i fråtrekk på nettleigefaktura.

Døme på støtte:

  • For ein hushaldning i ein einebustad som til dømes brukar 3280 kilowattimar i desember, gjev ordnina ein støtte på 1804 kroner for denne månaden.
  • For ein hushaldning som bur i ein leiligheit som til dømes brukar 1336 kilowattimar i desember, gjev ordninga ein støtte på 735 kroner.

I dømet er det benytta eit eksempel for pris på kraft i Sør-Norge tilsvarande 150 øre/kWh ekskl. mva.

Frå januar 2022

For differensen mellom 70 øre og 150 øre får ein tilbakebetalt 80% + mva.

Til dømes dersom gjennomsnittleg spotpris er 150 øre/kWh:

Kompensasjon = (150 - 70)* 80 % * 1.25 = 80 øre/kWh i fråtrekk på nettleigefaktura.

Døme på støtte:

  • For ein hushaldning i ein einebustad som til dømes brukar 3280 kilowattimar i desember, gjev ordnina ein støtte på 2624 kroner for denne månaden.
  • For ein hushaldning som bur i ein leiligheit som til dømes brukar 1336 kilowattimar i desember, gjev ordninga ein støtte på 1069 kroner.

I dømet er det benytta eit eksempel for pris på kraft i Sør-Norge tilsvarande 150 øre/kWh ekskl. mva.

Fakta om regjeringa si straumordning

  • Desember 2021: Dersom den gjennomsnittlege spotprisen ein månad blir høgare enn 70 øre/kWh ekskl. mva, blir 55% av det som overstig 70 øre/kWh ekskl. mva dekt av staten.
  • Frå januar 2022: Dersom den gjennomsnittlege spotprisen ein månad blir høgare enn 70 øre/kWh ekskl. mva, blir 80% av det som overstig 70 øre/kWh ekskl. mva dekt av staten.
  • Gjeld kun for privat hushaldning – Gjeld ikkje for fritidsbustad, fellesanlegg i BRL eller bedrift/næringskundar pr 13.12.21
  • Taket for kompensasjon er 5000 kWh per månad. Forbruk over dette blir ikkje kompensert.
  • Ordningen skal gjelde frå desember 2021 til og med mars 2022. Januar-rekninga er den første som blir påverka. Fråtrekket kjem på faktura til kunden frå netteigar.
  • Støtteordninga gjeld for alle straumavtalar. Det vil si at alle kundar får same fråtrekk, inkludert kundar med fastpris.​