Førebels utsett


Hovudbodskap:


Formålet er å få jamna ut straumforbruket gjennom døgnet, slik at forbrukstoppane blir lågare , og vi får utnytta straumnettet i Norge bedre. Då sparar vi både peng og miljø, og heldt nettleiga lågast mogleg for deg som forbrukar. Vi bør derfor unngå å vaske klede, lage middag og lade elbil samstundes.


Bakgrunn for endringa:

Den største utfordringa for klimatiltak, elektrifisering og etablering av ny industri i Norge, er å skaffe tilgang på nok kapasitet i straumnettet. Ved å utnytte det eksisterande nettet bedre, før vi bygge nye kraftliner, kan vi halde nettleiga lågast mogleg for deg som forbrukar.




  • Straumnettet i Norge må dimensjonerast for den eine timen i året vi brukar mest straum. Dersom vi klarer å jamnne ut forbruket over fleire timar i løpet av døgnet, kan vi spare store investeringar i nettet. Det kan samanliknast med vegbygging. Det er dumt å bygge firefelts motorveg for å ta unna nokre timar med kø om morgonen, Istadenfor kan vi fordele trafikken utover større deler av døgnet.


  • Straumnettet betalast fullt og heilt av brukarane gjennom nettleiga. Til dømes ved å lade elbilar smartare, kan vi spare 11 milliardar kroner i investeringar, ifølge NVE.

  • Den nye nettleiga gir deg større moglegheit til å påverke kva du betalar - både her og no og i framtida. Det vil lønne seg å jamne ut forbruket gjennom dagen, og det vil blir rimlegare til dømes å lade elbil på ein trygg måte om natta. Men vi anbefale ingen å bruke vaskemaskin etc. når ein sover.

Korleis fungere den nye prismodellen for nettleige?

Tidligare var det berre antal kilowattimar som påverka nettleiga for deg. No får du større moglegheit til å påverke rekninga. Frå 2022 vil nettleiga for hushaldnigskundar bestå av to delar:



  • Fastleddet - eit beløp pr månad etter kor mykje straum du brukar samstundes.

  • Energileddet - eit beløp pr kilowattime, avhengig av når på døgnet du brukar straumen.


Fastleddet blir bestemt ut ifrå den timen du brukar mest straum samstundes foregåande månad. Dersom du jamnar ut straumforbruket gjennom døgnet og får ein lågare høgste timesforbruk, får du eit lågare fastledd. Til dømes vil det ikkje lønne seg å vaske klede, lage middag og lade elbilbil samstundes.


Energileddet blir bestemt ut ifrå kor mykje straum du brukar totalt (antall kilowattimar), og når på døgnet du brukar han. Du betalar mindre per kilowattime om natta enn på dagtid.

Spørsmål og svar:


Kven vil få høgare, uendra og lågare nettleige enn i dag?

Straumnettet i Norge er eit stort spleiselag som i sin heilheit betalast av brukarane gjennom nettleiga. Generelt er det slik at dei med små boligar/leilegheitar og eit lågt samstundes forbruk vil betale ein . Medan dei med større boligar og ein til fleire elbilar som ladar, samstundes som dei har eit høgre forbruk elles, vil komme høgare ut i fastleddet. Desse har likevel moglegheit til å få eit lågare fastledd ved å tilpasse samstundes forbruk.

Til dømes: Fastleddet er delt inn i bolkar på fem og fem utanom dei fyrste to som er: 0-2 og 2-5 kW.

Har du eit forbruk på 7 kW gjennomsnittleg den høgste time i løpet av månaden vil du hamne i bolk 5-10 kW. Om du neste månad har eit forbruk på 11 kW gjennomsnittleg som din høgste time vil du hamne i bolk 10-15 kW. Sjå tabell for nettleige her.

Kjem nettleiga mi til å gå ned frå 2022?

Det er myndigheitane som bestemme inntektane for det einskilde nettselskap. I nokre regionar vil nettleige gå opp i 2022, uavhengig av den nye prismodellen Det skuldast både økte drift og investeringar i nettet. Men alle får uansett moglegheit til å påverke nettleiga si.

Kva betyr den nye prismodellen for ulike kundegruppa?

Leilegheiter: Dei fleste vil få omtrent uendra nettleige, fordi straumforbruket i utgangspunktet er jamt og lågt. Kundane her vil normalt hamne dei lågaste fastledda.

Einebustadar: Vil fordele seg på fleire fastledd og kostnadane kan gå både opp og ned i forhold til i dag. Dei kan påverke nettleiga ved å jamne ut forbruket slik at de hamner på eit lågare trinn. Dei som har elbil kan spare peng på å lade med godkjent heimelader om natta. Då vil normalt både straumprisen og nettleiga vere rimlegare. Med stort samstundes forbruk vil det bli dyrare enn i dag.

Fritidsbustad:: For eigar av ei gjennomsnittleg hytte vil reknestykke bli omtrent som for eigar av einebustad. Også her gjeld råd om å jamne ut straumforbruket gjennom døgnet. Om ein kjem med elbil til ei kald hytte, kan det vere lurt å vente med å lade elbilen til hytta er vara opp.

Bedrift med årleg forbruk under 100.000 kWh:

Ingen stor endring for desse, men kundar med høgt straumforbruk i ein einskilt time bør vurdere tilpassingar.

Kor mykje vil det vere mogleg å spare ved å bruke straum smartare?

Prisen på dei ulike fastledda vil variere mellom nettselskapa, men fleire legg opp til at det vil vere rundt 1.500 kroner å spare årleg på å tilpasse forbruket til eit lågare fastledd/trinn. Fleire legg også opp til ein lågare pris på energileddet om natta samanlikna med dagtid.

Kor stor andel får ein reell moglegheit til å påverke nettleiga?

Dei som brukar mest straum vil kunne påverke nettleiga si mest - ikkje minst alle som har elbil og eigen heimeladar. Det skal ikkje vere dyrt og vanskeleg å bruke straum smartare. Det finnast allereie enkle løysingar for automatisk lading av elbil når prisane er som mest gunstige. Det same gjel også oppvarming.

Korleis kan vi vere sikre på at den nye nettleiga vil føre til eit jamnare forbruk?

Fleire nettselskap har gjennomført pilotprosjekt og spørreundersøkelsar. Tre av fire i den største piloten opplev at dei har moglegheit til å tilpasse straumforbruket sitt. Pushvarsel om periode med høgre prisar ga opp til 7,5 % prosent nedgang i straumforbruket. Erfaringane så langt vise at kunden ynskjer tips og varsling om korleis dei kan bruke straum smartare.

Korleis kan ein sjå kor mykje straum ein brukar samstundes?

Ved å logge på Min side kan ein sjå kor mykje straum ein har brukt pr time bakover i tid. Ein kan også laste ned appen min strøm. Dersom ein ynskjer å følge med i sanntid, kan ein med enkelt utstyr koble seg til målaren sin HAN-port.

Kvifor velger dykk å innføre dette på eit tidspunkt med svært varierande straumprisar?

Innføring av ny nettleige er diskutert og planlagt gjennom fleire år, kor ulike forslag frå myndigheitane har vore gjennom to høyringsrundar. Olje- og energidepartementet tok den endelege beslutninga om å innføre ordninga, med støtte frå nettbransjen. Vi ser at det kan bli mykje å forhalde seg til for kundane no - det positive er at dei får større moglegheit til å påverke nettleiga.

Kor store nettinvesteringar er det realistisk å spare med eit smartare straumforbruk?

Ved å utnytte det eksisterande straumnettet, kan nettselskapa spare store kostnader og dermed halde nettleiga lågast mogleg for deg som forbrukar.

Kva med brannfaren om folk startar å vaske klede om natta?

Flytting av forbruk skal ikkje gå ut over komfort eller sikkerhet i heimen. Vi anbefale ingen å bruke til dømes vaskemaskin, tørketrommel eller oppvaskmaskin når ein sover. Det er heller ikkje mykje å spare på dette. Elbil kan du derimot lade om natta, om du har installert eigen heimeladar.

Kva betyr modellen for nettselskapa si inntekt?

Nettselskapa sine samla inntektar blir bestemt av myndigheitane gjennom årlege inntektsrammar, og vil ikkje bli påverka av ny prismodell. Drift, vedlikehald og utbygging av straumnettet i Norge kostar årleg rundt 27 milliardar kroner. Denne rekninga dekkast i sin heilheit av brukaren av nettet. Ved å utnytte kapasiteten i nettet smartare, kan vi halde nettleiga lågast mogleg for straumkundane over tid.