Kveldsbilde av Hemsedal skibakke med snø og fjell i bakgrunnen og opplyst skibakke
Foto: Steinar Bleken
Har du som vane å koble frå straumen når du reiser frå hytta di?

Mange hytteeigarar gjer anlegget spenningslaust på hytta si ved å ta hovedsikringa.

Dersom du har fått installert ny AMS-målar må du ikkje skru av hovedsikringa, men benytte deg av bryterfunksjonen til sjølve straummålaren. Dette er fordi nettselskapet til einkvar tid ynskjer å ha spenning på straummålaren med tanke på kommunikasjon med han.

Eltryggleik

Når du brukar brytarfunksjonen til straummålaren er anlegget vidare i hytta spenningslaust. Sjølv om straummåleren er kobla til straumnettet er det liten fare for at noko skal skje.

Husk difor at neste gong du dreg frå hytta, treng du "berre" trykke på "knappen" på din straummålar for å gjere resten av anlegget spenningslaust. Ved å trykke ein gong til, er straumen attende. Ved å bruke denne funksjonen ivaretek du både tryggleiken du ynskjer med eit spenningslaust anlegg på hytta, samstundes som krav om målaravlesning blir ivareteke.

Intruksjonsbilde illusterer med forklaringstekst for å skru av og på Hovedsikring. Dette står det med advarselstegn: For å skru av/ på bryter, trykk 1 sekund på knapp med fingersymbol. OBS! Hovedsikring må være påskrudd.
Bruksfonksjons bilde av strømmåler anlegget Aidon, hvor det er pekt ut 13 punkter med forklaring og hvor punkt 4 er markert med rødt firkant for ekstra oppmerksomhet.

 

  1. Målerens display
  2. Målerens navnplate
  3. Målerens serienummer 
  4. Kontrollknapp for bryter
  5. Lysdiode for bryterens status
  6. Pass for kundelogo
  7. Hoveddekselets forsegling
  8. Energi plus lysediod
  9. Lysdiode for systemmodulens status
  10. Kontrollknapp for display
  11. Bryterknapp instruks
  12. merking av systemmodul
  13. Terminaldeksel forsegling